Storavatnet

SVORTLAND KRINSLAG JOBBAR FOR GANGVEG RUNDT STORAVATNET


1.   Grunnlag

Dette skisseprosjektet er utarbeidd etter tidlegare førespurnad i 2005, frå tidlegare Grendeutval ved Ragnhild Randal, men no oppdatert til dagens prisar, og planane tatt fram igjen av Svortland Krinslag. Planen er utarbeid av Ingeniør Odd Ivar Vik i 2005, med ny oppdatert kalkyle i 2016.

Gangveg rundt Storavatnet er ingen ny tanke, men til tross for at prosjektet er omtalt i samband med kommunedelplan for sentrum så vel som ved reguleringsendringar og trafikksikringsprosjekt er det så langt ikkje laga ein heilskapleg plan for prosjektet. Likevel er runden rundt Storavatnet alt i dag ei mykje nytta turløype, men nå må mykje av løypa delast med store og små køyretøy på smal og uoversiktleg køyreveg.

Skisseforslaget er utarbeidd under knappe tidsfristar. Grunneigarar er blitt informert om planane, men me har ikkje gått noko lenger endå, enn å visa skisseforslaget for dei involverte. Forslaget må derfor takast som det er: ei skisse, og ikkje noko meir. Likevel vil skissa gje ein godt grunnlag for å vurdera omfanget og kostnad for eit variert og trafikktrygt turtilbod for alle ved Bømlo sitt kommunesenter.

Det er tatt utgangspunkt i at gangvegen skal vera trafikktrygg og by på størst mogleg oppleving av natur og kulturlandskap. For at gangvegen og skal kunne nyttast av rørslehemma må den førast fram utan for bratte stigningar, samstundes bør gangvegen leggjast lett i terrenget utan skjemmande inngrep.

Ny gangveg er tenkt med maksimal stigning på 1:12 og netto vegbreidde på 2,5 meter. Vegdekke av grus og til ordninga av sideareala. Vegen skal ikkje framseta som eit sår i landskapet, og skal vera godt tilrettelagt for effektivt vedlikehald. Veglys er ein naturleg del av prosjektet.

2. Forslag til trasé

Skissert forslag med kostnadskalkyle er delt i 11 delar, A til K. Det vert referert til kartskisse, teikning nr. 086-01.

 

A.     Langs ungdomsskulen 367 meter (Ferdig gangveg)
Sidan ny trasé følgjer dagens veg frå HSD Senteret til Bremnes Innkjøpslag, ikkje langs vatnet, slik skissa syner.

B.      Langs kyrkjegarden 500 meter (Ferdig gangveg)
I samband med ny kyrkjegard, er det utarbeida ny tursti langs vatnet. Denne manglar lys.

C.      Langs Kjølpo,  150 meter (Ferdig gangveg).
Denne gangvegen langs vatnet frå kulturhuset til pumpehus i Klæret er ferdig (manglar lys).

D.     Frå Kjølpo til brufeste, 340 meter (delvis ny gangveg)
Skissert løysing er ny gangveg langs sørsida av bustadtomtene og vidare ut langs vestsida. Område vil bli klargjort når Steinsbø Hus ferdigstiller bustader i Klæret.
Gangveg allereie ferdig forbi oppførte bustader i Klæret.

E.      Bru til Stavlandsøya, 50 meter
Her er det laga nytt estimat, med ei meir solid bru

F.       Over Stavlandsøya, 310 meter (ny gangveg)
Her er det etter måten kupert terreng, øya er ferdig rydda for skog. Skissert løysing er basert på at det vert bygd solide bruer mot nord til Habbestad.

G.     Bruer mot Habbestad, 2 x 15 meter
To sund, kvar på knappe 15 meter kan kryssast med bruer i betong. Brukar kan murast i naturstein. Over holmen mellom bruene må det byggjast om lag 20 meter veg.

H.     Over Habbestad til Gåsland, 665 meter (ny gangveg)
Området her er prega av kulturlandskap i aktiv drift. Det er fleire private vegar som går frå fylkesvegen og sør mot vatnet, og det kan derfor vera fleire gode alternativ for trasé her. Det er rekna med spesiell tilrettelegging for fortsett landbruksdrift. I tillegg blir det ein avstikkar frå turvegen, opp til hovedvegen, som er på 250 meter. Ved hovedvegen er det planlagt ein liten parkeringsplass til nokre få bilar.

I.        Privat veg på Gåsland, 157 meter (privat tilkomstveg)
Det vert forslått å la traseen følgja eksisterande privatveg frå Nedre Gåsland til fylkesvegen ved tidlegare ”Habbestad Auto”.

J.        Langs fylkesvegen Gåsland – Laurhammer, 156 meter (planlagt gangveg)
Her er det planlagt gangveg langs fylkesvegen i vedteken reguleringsplan (Bømlopakke II). Denne delen blir gjennomført som eit trafikksikringsprosjekt.

K.      Langs fylkesvegen Laurhammer –” gamle” Ungdomsskule, 1512 meter (ferdig gangveg)
På Nedre Gåsland og på Hollund er det fleire bratte parti og fleire bustadtomter som i praksis stengjer mot vatnet. Samstundes er det på denne strekkja ferdig opparbeidd gangveg langs fylkesvegen. Det vert derfor sett som urealistisk at det her vil bli etablert ny gangveg langs vasskanten.

Bildene under er kun forslag, og ikkje noko endeleg. Bildene vil bli brukt for grunneigarar, slik at me kan diskutera vidare endeleg trase.


 
 




 



 
                      


3.   Kostnader

Det er utarbeidd ei grov kostnadskalkyle for prosjektet til dagens prisar basert på erfaringstal. Grad av ferdiggjering og standard kan variere. Innanfor berekna kostnadsramme vil det vera mogleg å få eit anlegg med gode kvalitetar og høg bruksverdi for alle innbyggjarar.

Nærare spesifikasjon av medrekna kostnader fremgår av vedlagde oppstillingar. Det er summert to alternativ:

Stål Bru til Stavlandsøya Kr. 3 101 560,00
Prosjektutbygging full utbygging ca. Kr. 10 Mill.
Totalt 4487 meter rundtur:

3182 meter på eksisterande veg
1305 meter ny gangveg
3 nye bruer