Vedtekter

VEDTEKTER

for
Svortland krinslag

Svortland krinslag vart skipa etter initiativ frå Leite Aust velforening 25/02/2004

§ 1 NAMN

Utvalet sitt namn er Svortland krinslag

§ 2 FØREMÅL

§ 2.1 Svortland krinslag sine oppgåver er å fremja medlemene sine felles interesse i området, arbeide for eit godt sosialt og fysisk miljø og fremja innbyggjarane sin trivsel og tryggleik.

§ 2.2 Krinslaget er partipolitisk uavhengig og religiøst nøytralt

§ 2.3 Krinslaget kan samarbeida med andre lag, organisasjonar eller institusjonar i saker med samanfallande interesser.

§ 2.4 Krinslaget skal ivareta området sine interesser som eit høyrings- og samarbeidsorgan overfor kommunen og andre offentlege instansar.

§ 2.5 Svortland krinslag består av leiarar frå velforeningar og gardslag i krinslaget sitt geografiske område. Og blir leia av eit arbeidstuval,

§ 2.6 Krinslaget kan vera medlem i Norges Velforbund

§ 3 SVORTLAND KRINSLAG SITT GEOGRAFISKE OMRÅDE

Brubakken – Ekornsæter – Tverråno – Stavland / Olakjosen – Brekke  (der grensa går mot Meling Grendautval) – Steganeset.

 § 4 MEDLEMSSKAP

Alle som bur – eller har eigedom – innafor området kan bli medlem, men berre gjennom ein velforening / lokalt grendalag. Det er såleis ikkje høve til personleg medlemsskap.

§ 5 KONTINGENT

§ 5.1 Velforeningar / grendalag som betaler medlemskontingent er medlemer i krinslaget

§ 5.2 Årsmøtet fastset medlemskontingenten

§ 5.3 Kontingenten skal vera betalt innan ei frist som årsmøtet vedtek.

§ 6 ÅRSMØTE

§ 6.1 Årsmøtet er krinslaget sitt høgaste styringsorgan.

§ 6.2 Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgongen av mars månad.

§ 6.3 Arbeidsutvalet skal kalla inn til årsmøte med ei frist på minst fjorten (14) dagar.

§ 6.4 Forslag til årsmøtet må vera arbeidsutvalet i hende innan 1. februar.

§ 6.5 Årsmøtet er vedtaksført når det møter representantar frå minst eitt av dei lag eller organisasjonar som er medlemer.

§ 6.6 Kvart medlemslag eller –organisasjon kan møta med inntil tre (3)utsendingar. Kvar utsending har ei røyst på årsmøtet

§ 6.7 Årsmøtet skal:

  • Velja ordstyrar, referent  og to personar til å underskriva årsmøteprotokollen – Godkjenna innkalling og sakliste
  • Handsama årsmelding
  • Handsama revidert rekneskap
  • Fastsetja medlemskontingenten for komande år, og kva tid denne skal vera innbetalt.
  • Godkjenna arbeidstuvalet sitt framlegg til budsjett
  • Velja revisor
  • Velja arbeidsutval
  • Velja valnemnd
  • Avgjera innkomne saker

§ 6.8 Alle saker på årsmøtet vert avgjorde med vanleg fleirtal(meir enn halvdelen av dei røyster som vert avgjeve). Dersom ikkje noko framlegg får vanleg fleirtal, skal det haldast omval mellom dei to framlegga som fekk flest røyster.

§ 6.9 Medlemmer av arbeidsutvalet har tale- og framleggsrett på årsmøtet, men har ikkje røysterett dersom dei ikkje er valde som utsendingar.

§ 7 VAL AV ARBEIDSUTVAL OG VALNEMND

§ 7.1 Arbeidsutvalet skal ha 3 medlemer og eit varamedlem. (Leiar, nestleiar og kasserar).

§ 7.2 Medlemene av arbeidsutvalet vert valde for to (2) år, men slik at to og to står på val annakvart år. På første ordinære årsmøte skal to (2) av  medlemene i arbeidsutvalet veljast for eit (1) år (1) år, dei andre 2 for to (2) år.

§ 7.3 Årsmøtet vel mellom medlemene i arbeidsutvalet leiar for eitt år om gongen. Ut over dette konstituerer arbeidsutvalet seg sjølv.

§ 7.4 Valnemnda skal ha tre (3) medlemer (to (2) på val same år,  ein (1) følgjer vidare).

§ 7.5 For første ordinære årsmøte skal interimstyret peika ut valnemnd.  Seinare skal arbeidsutvalet utpeike kandidatar til valnemnda. Arbeidsutvalet skal peika ut leiar i valnemnda.

§ 7.6 Valnemnda skal innstille på kandidatar til styret, revisor og eventuelle underutval som årsmøtet opprettar.

§ 8 KVEN KAN VELGJAST

Alle som tilfredsstiller § 4, kan veljast til verv og oppgåver i Svortland krinslag.

 § 9 ENDRINGAR I VEDTEKTENE

§ 9.1 Forslag til endringar av vedtektene må vera innkomne til arbeidsutvalet innan 01 februar og forslag skal sendast ut saman med innkallinga, saman med styret sine kommentarar.

§ 9.2 Endringar i vedtektene krev 2/3 fleirtal.

 §10 OPPLØYSING AV LAGET

§ 10.1 Oppløysing av Svortland krinslag kan berre handsamast på ordinært årsmøte. § 10.2 Blir oppløysing vedteke, skal det seinare kallast inn til ekstraordinært årsmøte. For at oppløysing skal skje, må vedtaket gjerast på nytt her.

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Vedtektene blei sist revidert på årsmøtet 11/05/2016